/* ==========================================================================
   Framsida — utvidingar av neobrutalisme.css
   ========================================================================== */

/* Hero-boksen på framsida gjev logoen og overskrifta mesteparten av plassen,
   og legg versjonsnotatet i ein liten gul lapp til høgre. */
.hero-box-home {
  gap: clamp(16px, 3vw, 28px);
  align-items: center;
}

/* Vyrde er sjølve blikkfanget her, og får vere vesentleg større enn på
   spelsidene. Overstyrer .vyrde.hero-logo, difor tre klassar. */
.hero-box-home .vyrde.hero-logo {
  height: clamp(120px, 18vw, 210px);
}

.hero-box-home .hero-text {
  flex: 1 1 300px;
  /* Gjer spalta til ein storleiks-container, så tittelen under kan måle seg
     mot henne i staden for mot vindaugsbreidda. */
  container-type: inline-size;
}

/* «Vyrdepil» skal fylle spalta si. cqw er prosent av containerbreidda, og
   24,5cqw er tilpassa dei åtte teikna i ordet i ein tung sans — teksten
   legg seg då tett opp mot begge kantane, same kor brei spalta er. Verdien
   er sett med nokre få prosent å gå på, så ein litt breiare reservefont
   ikkje renn ut av spalta og bort i lappen.
   clamp()-linja over står att som reserve for nettlesarar utan
   container-queries; då fell font-size tilbake til vindaugsbreidda. */
.hero-box-home .hero-text h1 {
  font-size: clamp(2.2rem, 7vw, 5rem);
  font-size: 24.5cqw;
  line-height: 0.95;
  letter-spacing: -0.03em;
  /* Luft i em, ikkje px: tittelen varierer frå ~59px til ~165px, og ein fast
     avstand blir anten trong under den store eller luftig under den vesle.
     Verdien er raus fordi line-height: 0.95 gjer tekstboksen lågare enn
     bokstavane: p-en heng ned under boksen og et opp mykje av margen. */
  margin-bottom: 0.36em;
  white-space: nowrap;
}

.hero-box-home .hero-text p {
  margin-bottom: 0;
  max-width: 52ch;
}

.hero-postit {
  flex: 0 1 250px;
  align-self: center;
  text-align: left;
}

/* Under 900px har lappen for lite att å gå på ved sida av teksten, og
   flyttar seg ned under han i staden. Boksen er framleis ei rad som brytar,
   så flex-basis styrer breidda. */
@media (max-width: 900px) {
  .hero-box-home .hero-postit { flex-basis: 100%; }
}

/* Frå 768px og ned snur .hero-box seg til ei kolonne (neobrutalisme.css).
   Då gjeld flex-basis høgda, ikkje breidda, og elementa blir sentrerte og
   innhaldsstyrte i breidda. Det siste er kritisk for .hero-text: eit element
   med container-type: inline-size *kan ikkje* la breidda avhenge av
   innhaldet, så han fell til 0 — og tittelen, som er målt i cqw, forsvinn.
   align-self: stretch gjev spalta ei breidd utanfrå og rettar begge delar. */
@media (max-width: 768px) {
  .hero-box-home .hero-text,
  .hero-box-home .hero-postit {
    flex-basis: auto;
    align-self: stretch;
  }
}
